Startside
Setenesfjellet
Brosviksåta
Solund
Sogn og Fjordane
Kløvtveitvatn
Generell debatt
Alternativ
Klima
Lokal debatt
Kven er vi?
Lekkjer

   OPPLYSNINGSSIDE OM VINDMØLLEPROSJEKT I GULEN KOMMUNE MED VEKT PÅ DEI NEGATIVE KONSEKVENSANE AV INDUSTRIELLE VINDKRAFTANLEGG FOR NATURMILJØ, KULTURMINNE, TURISME, REKREASJON OG HYTTEBYGGING.

 

VINDKRAFTVERK I GULEN

Diverre er det svært stor interesse hos dei rike og "grådige" vindkraftselskapa for å rasere store deler av den vakre kysten vår med industrielle vindkraftanlegg. Hittil er 3 store vindkraftselskap ute etter 4 store område med meir eller mindre urørd natur, dvs. LNF- og INON-område. At kysten vår også er svært godt eigna til turisme, med fylket sin Tusenårsstad på Flolid og Kong Olav  den 5 statuen på Skjerjehamn som turistmessige fyrtårn, blir det ikkje teke lite omsyn til.

FYLKESDELPLAN FOR VINDKRAFT I SOGN OG FJORDANE

Denne planen vart vedteken av Fylkestinget den 8. juni 2011. Den legg til rette for for etablering av vindkraftanlegg med ein samla årleg produksjon på 3TWh innan år 2025. Det vil i praksis seie ein samla kapasitet på ca. 1000 MW. Til samanlikning, viss alle dei 4 planlagde vindkraftverka i Gulen blir realiserte, vil det utgjere nærmare 900 MW. Det kan vel ikkje vere meininga at vi skal ofre det meste av den urørde naturen vår for å spare resten av fylket. Nærmare omtale av fylkesplanen kan lesast her: Legg til rette for stor vindkraftsatsing i Sogn og Fjordane.

I høve til det opphavlege forslaget til fylkesplan ifrå prosjektgruppa, har denne vorte svært liberal. Konfliktskalaen er mykje utvida og skyvd ein god del til venstre. Det inneber at alle område har gått ned i konflikt, og her i Gulen er det diverre ikkje igjen område med stor konflikt. Dette er eit resultat av at Vindkraftforum fekk høve til å uttale seg om planen før alle andre. Fylkespolitikarane fylgde opp dette og nemnde knapt naturen og naturbasert reiseliv på kysten med eit einaste ord, bortsett ifrå dei to som er ifrå SV. Fylkesmannen har protestert til Miljøverndepartementet mot planen.

Legg merke til at fylkesplanen har ei vernesone rundt Eivindvik på 5 km i radius. Diverre blir ikkje dette respektert verken av SAE-Vind eller NVE.

Reportasje i avisa Strilen ifrå orienteringsmøte i Eivindvik måndag den 16. januar 2012 om dei tre planlagde vindkraftverka i Gulen, sjå: http://www.strilen.no/forside/massivt-nei-til-vindkraft/

 

NORSKE FJORDAR VART I 2009 FOR TREDJE GONG KÅRA TIL VERDAS BESTE REISEMÅL

av National Geografic traveller.

 

SETENESFJELLET VINDMØLLEPARK

Dette er eit vindkraftanlegg i Regi av Fred. Olsen Renewables AS på 15 vindmøller på 125 meters høgde. Kvar turbin skal vere på 3 MW og vil gi ein samla effekt på 45MW. Vindmøllene skal plasserast på Setenesfjellet, som er eit fjellplatå på omlagt 300 meters høgde som ligg midt i det beste og finaste kystområdet i Gulen. Norsk Miljø Energi Vest AS, som er eit heileigd dotterselskap av Frede. Olsen skal byggje og drive vindkraftanlegget. Les meir>>  

GÅR I MOT SETENESFJELLET VINDMØLLEPARK: Gulen kommunestyre, Sogn og Fjordane Turlag, Naturvernforbundet i S&Fj. og Miljøvernforbundet. ER GENERELT KRITISKE TIL VINDKRAFT I SOGN OG FJORDANE: Fylkesmannen i S&Fj. og Direktoratet for Naturforvaltning (DN).

 

BROSVIKSÅTA VINDPARK

Dette er eit vindkraftprosjekt i regi av SAE Vind, som er eit nytt selskap med Statkraft og Agder Energi som interessentar.  Anlegget er på 30 vindmøller med 3 MW turbinar og med ein samla effekt på 90 MW. Vindmøllene her vil bli plassert ut på fjellet ifrå Brosviksåta, der Gulensendaren står, til Midtunfjellet i Eivindvik i sør, og vil bli svært godt synlege i eit stort område. Spesielt i Dingja, der det er eit stort hyttefelt og rorbuer, vil mange av desse vindmøllene bli godt synlege. Les meir>>

No viser det seg, at i følgje forslaget til fylkesplan for vindkraft i Sogn og Fjordane, vil dette prosjektet bli nærmast halvert, i og med at Kvitebergnova er definert som stort konfliktområde.

SOGN OG FJORDANE TURLAG GÅR I MOT BROSVIKSÅTA VINDKRAFTANLEGG. Sjå innspel til melding på sida: Sakshandsaming>>

 

DALSBOTNFJELLET VINPARK

Dette er eit nytt og tredje vindkraftverk som er under planlegging i Gulen. Her er det det austlandske selskapet Zephyr som prøver å leggje beslag på fjellet mellom Nordgulen, Rutledal og Breidvika. Her vil dei setje opp 23 vindmøller med ein samla effekt på 69 MW. Fleirtalet av grunneigarane skal inntil vidare vere skeptiske, og sidan dette er felles utmark, har dei så langt nekta selskapet å setje opp ei testmast. Les meir>>

No har SAE-Vind også kasta seg inn i kampen om dette fjellområdet, og dei vil helst "rasere" heile fjellet med vindmøller heilt fram til Austgulfjorden. Ser ut til at dei har innsett at det ikkje blir noka bygging av vindkraft i Solund, så no prøver dei å utvide området sitt i Gulen. Ein får berre vere glad for at grunneigarane framleis er skeptiske.

NYTT: SAE-Vind har nettopp kasta seg over eit tredje område i Gulen. Denne gongen er det området rett nord for Sløvågen og sørlege Sandøy nordover til på høgde med Furenes. Sjå kart over SAE-Vind sine interesser i Gulen: Word-dokument.

SISTE NYTT: SAE-Vind vil satse på Sandøy, sjå artikkelen Vindkraft fram att på Sandøy i Strilen torsdag 3. juni 2010.

 

NMVIG: Nei til begge dei to planlagde vindkraftanlegga i Gulen. Fylgjande innspel om konsekvensutgreiing Setenesfjellet vindmøllepark og melding Brosviksåta vindkraftverk er sendt til NVE den 19/12-08. Les meir>>

GULEN KOMMUNE: Nei til Setenesfjellet vindmøllepark og tja til Brosviksåta vindkraftverk. Kommunestyret i Gulen har i møte torsdag den 11. desember 2008 avvist Setenesfjellet vindmøllepark, og sagt ja til Brosviksåta vindkraftverk på visse vilkår. Les meir>>

 

ADVARER MOT VINDMØLLESYKE. London (ANB-NTB): En amerikansk forsker mener hun har oppdaget en ny sykdom: vindmøllesyndromet. Støy og vibrasjoner fra store vindmøller gir økt risiko for hjertesykdom, migrene, panikkanfall og andre helseproblemer, viser en undersøkelse som er gjennomført av barnelegen Nina Pierpont i USA. For å unngå helseplager, bør vindmøller helst plasserast minst 2 km ifrå nærmaste busetnad. Les meir>>

 

VINDKRAFTVERK I SOLUND

I Solund, som er nabokommune til Gulen nord for Sognefjorden, er det under planlegging to store vindkraftanlegg på i alt 94 vindmøller.  Det bør kanskje vere opp til sulingane sjølve om dei vil ha dette, men desse anlegga vil også få konsekvensar for Gulen. Les meir>> Er lei for at det ved ein feil har vore gitt opp uriktige opplysningar her. Alt vil bli retta opp så snart det er mogeleg å komme inn på lista over søkte konsesjonar hos NVE. (Skulle nesten tru at sida har vore hacka.)

Sjå innspel ifrå: SOGN OG FJORDANE TURLAG. Les meir>>

UNDERSKRIFTSKAMPANJE: Nei til vindkraft i Solund kommune: http://www.underskrift.no/vis.asp?kampanje=2511

 

AKTUELT IFRÅ MEDIA og LOKAL DEBATT

Ny: HUGS AT VI RÅR BERRE I VÅR TID. Eg er irritert over at eg og andre forholdsvis nøkterne menneske må gjere bot for storforbrukarane. 7 av 10 bergensarar er kanskje for vindkraft, men eg vil tru berre 7 av 1000 er for å byggje ut vindkraft på Byfjella, skriv Jarle Nordgulen i eit sterkt og engasjert innlegg i bt.no. Les meir>>

EI TRAGISK FEILSATSING, professor emeritus Einar Sletten ved UiB: Subsidiar til vindmøller bør heller brukast til opprusting og utviding av umoderne kraftstasjonar og linjenett. Les meir>>

MILJØSYMBOL UTAN UTBYTTE. MILJØ: Svære vindkraftanlegg er kostbart og kan øydeleggje verdas vakraste kystnatur. Grethe Hillersøy i Dagbladet.no 10/5-10. Les meir>>

VINDKRAFT FOR DYRT. Den billigste måten å kutte CO2-utslippene på er energieffektivisering. En ny svensk rapport slår fast at energieffektivisering er den mest kostnadseffektive måten å kutte utslippene på i Sverige, skriver Ny Teknikk. Den dyreste er utbygging av vindkraft, spesielt til havs. Tu.no 29/9-09. Les meir>>

- NORGE TRENGER IKKE VINDKRAFT. I 2008 ble det produsert 142,4 TWh elektrisk energi i Norge. Elektrisitetsforbruket var 128,6 TWh. Likevel kjemper bransjen, politikere og miljøvernere for å bygge ut ulønnsom vindkraft. Tu.no 26/2-09. Les meir>>

-UAKTUELT MED VINDKRAFT: Fylkesmannen vender tommelen ned for vindmøller på Stad, Gulen og Solund. NRK-S&Fj. Les meir>>

SOLUND OG YTRE SOGN HAR TURISTKVALITETAR I VERDSTOPPEN. Det er totalt sett større turistpotensiale i "dei ytre fjordstråka" enn nokon andre område i heile Noreg og dette er heilt uforeinleg med å satse på moderne vindmøller. Dette hevdar  globetrottar og reiselivsguru Jens A. Riisnæs, i eit intervju i Næringsavisa til Solund i sommar. Les meir>> 

 

NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN - FØRST MED DEI SISTE NYHEITENE NÅR DET GJELD VINDMØLLESAKA I KOMMUNEN

 

STØTT OSS - skriv under på Opprop mot rasering av Kysten. 

Folkeaksjonen Stopp rasering av kysten har lagt ut eit generelt opprop mot bygging av vindmøllekraftverk langs med kysten som strir imot kultur-, frilufts- og turistinteresser. Dette oppropet er stila til Regjeringa ved  statsrådane Enoksen og Bjørnøy og Stortinget ved Energi & Miljøkommiteen. Kravet er at det blir full stans i tildeling av nye konsesjonar for vindkraft inntil det føreligg ein heilskapleg nasjonal plan, slik som for vasskraft og olje- og gassutvinning. Her er lekk til underskriftskampanje med tilgang både via Internett/e-post og via tekstmelding på mobiltelefon. Send også vidare til fleire meiningsfelle. Les meir og skriv signaturen din her>>

 

"ENGLAR MED SKIT PÅ VENGENE" på NRK1

Det største naturinngrepet i noregshistoria blir det kalla, når kraftselskapa ynskjer å byggje tusenvis av vindturbinar langs kysten. Store område urørt natur står i fare for å bli industriområde. Naturdokumentar laga av Per Jarle Heggdalsvik og Magne Helge Sleire vist på NRK1 tysdag 3. oktober -06. Dei som ikkje fekk sett filmen då den vart sendt på vanleg TV kan sjå den no ved å klikke her på: NRK nett-TV>>.

 

BKK VIL RESTAURERE VETLE KLØVTVEITVATN

Den permanente nedtappinga av Vetle Kløvtveitvatn var unødvendig og hadde ikkje noko å seie for kapasiteten til Kraftverket på Kløvtveit. Det kunne ha vore unngått med lang tunell ifrå Austgulstølvatn til hovudbassenget Store Kløvtveitvatn. No har BKK gått med på å restaurere dette vatnet til slik som det var før utbygging for 14 millionar kroner. Dette er svært gledeleg og prisverdig av BKK og fortener all honnør ifrå oss i NMVIG som var med på å ta opp saka. Les meir>>

  

FØREMÅLET MED DENNE HEIMESIDA

Å drive opplysning om dei negative sidene ved vindkraft og gjere informasjonen om desse lettare tilgjengelege for folk flest, slik at kvar enkelt kan ta eit standpunkt for eller imot vindmøller på eit rimeleg realistisk og sakleg grunnlag. 

Det endelege målet er å få stoppa dei vindmølleprosjekta som har størst negative konsekvensar for naturmiljøet, kulturminne, turisme og hyttebygging i kystområdet i Gulen kommune.

Det er også eit mål å drive litt turistreklame for Gulen, spesielt når det gjeld den vakre kysten vår.

 

Når det er slik at innbyggarane i Gulen ser ut til å vere meir positive til vindmølleparkar enn kva folk er mange andre stader langs kysten, kan det kanskje komme av at dei fleste her har ei meir ureflektert haldning til vindmøller og andre store tekniske inngrep i naturen og nærmast automatisk ser på dette som eit gode og eit framsteg i seg sjølv. Vi har så mykje natur her i Gulen, at det liksom ikkje er så nøye med om det ryk med eit fjell her og eit fiskevatn der. Men ein vakker dag kan vi kanskje komme til å vakne opp og oppdage at dei store tekniske inngrepa i naturmiljøet har vorte vel påtrengjande og slitsame, og at turistane ikkje lenger finn det så interessant å komme her for ferie og rekreasjon.

 

GENERELT OM GULEN KOMMUNE

Geografi/natur
Kystkommunen Gulen ligg heilt sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til Hordaland, og mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Landarealet på 596km² inneheld ein variert og spennande natur med 1500 øyar, holmar og skjer, og eit fastland som er prega av små dalføre på kryss og tvers i landskapet. Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust, mot Stølsheimen. Dei 2500 fastbuande bur spreidd i landskapet, og fordeler seg ganske jamt i dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes. (Bilete er ifrå Eivindvik, kommunesenteret i Gulen kommune. Du kan klikke på det for å sjå det i større format.)

Reiseliv
Gulen vert eit stadig meir populært reisemål. I Ytre Gulen kan du oppleve rorbu- og fiskeferie i vakker skjergard. Innover i kommunen vert det og satsa på turisme basert på natur og friluftsopplevingar.

Denne innleiande teksten er henta ifrå Gulen kommune si eiga informasjonsside på Internett: Gulen kommune - frå havgap til høgfjell. Klikk på denne lekkja for å lese meir om Gulen kommune. Kommunen har i 2009 fått ny heimeside som du kan sjå ved å klikke her. Sjå også Gulen kommune i NRK-S&Fj. sitt Fylkesleksikon.

Vi ser her at Gulen kommune på si eiga heimeside sjølv legg stor vekt på naturmiljøet, friluftsliv og turisme. Likevel har politikarane i Gulen stikk i strid med dette uttrykt ei viss begeistring for vindmølleprosjekta i kommunen. Det same gjeld diverre gulingane generelt.

 

Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune.    Les meir>>

Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>>

Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>>

Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>>

UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>>

Fjord-Noreg - verdas beste reisemål, i 2004 og 2006 følgje det amerikanske reiselivsmagasinet National Geographic Traveler. Sjå:  Fjord-Norge og les meir hos bt.no>>

WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>>

Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>>  

Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>>

Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>>

Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>>

Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>>

Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>

NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN

Medlem av landsorganisasjonen:

Sist oppdatert: 21.06.2010

E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net

Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.netBesøksstatistikk.

Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt.

 Denne heimesida kjem fint opp i Internet Explorer og Opera, men diverre dårleg i Mozilla Firefox og Safari. Dei som brukar eitt av dei to siste søkjeprogramma, kan løyse problemet ved å laste ned ein av dei første. Det er godt mogeleg å ha to eller fleire internett søkjeprogram på same PC-en og operativsystemet. Det vil diverre ta litt tid før denne sida blir lagt inn i eit nytt og meir moderne webprogram.

[ Startside ] Setenesfjellet ] Brosviksåta ] Solund ] Sogn og Fjordane ] Kløvtveitvatn ] Generell debatt ] Alternativ ] Klima ] Lokal debatt ] Kven er vi? ] Lekkjer ]